Første Westcon-batteri på plass

16. april blei Viking Energy dokka inn ved Westcon. I løpet av dei siste vekene har Westcon Power & Automation i samarbeid med Westcon Yards installert sitt første batterisystem på Eidesvik-skipet. 

Etter to veker ved verftet i Ølensvåg, er Westcon sitt eige batterisystem innstalert på Eidesvik-skipet Viking Energy. Nå er skipet på sjøen for testing. Foto: Ellen Marie Hagevik/Medvind24.no

Av Kari Aakra, Medvind24.no
Publisert 2. mai 2016

Westcon Power & Automation (WPA) står både bak leveransen av batteripakken, så vel som installeringa av batteriet ombord i samarbeid med Westcon Yards. 

Eidesvik er første kunde som tar i bruk Westcon sitt batterisystem. Nå er batterisystemet installert og klar for testing på sjøen dei komande dagane. 

Første batteriskip på dynamisk posisjonering 

Viking Energy blir også det første skipet som kan gå på såkalla dynamisk posisjonering som hybrid. Skip som ligg på dynamisk posisjonering under oljeriggar brukar mykje drivstoff då dei alltid må ha ein reservemotor gåande. Motorane blir dermed gåande på svært låg last som igjen gir eit høgare forbruk. Med batteri vil dette bli vesentleg redusert, då skipet kan stengja av ein generator, og erstatta denne energien med batteriet, fortel Ragnar Langåker, prosjektleiar for Viking Energy-prosjektet. 

Westcon sitt første batterisystem er nå installert på Eidesvik-skipet Viking Energy. - Dette er ein milepåle for batterisatsinga vår, seier prosjektleiar for produkt og system, Ragnar Langåker (t.h), her saman med prosjektleiar for installasjon Kristian Eikemo (i midten) og Kolbein Lunde, prosjektleiar i Westcon Yards. Foto: Ellen Marie Hagevik/Medvind24.no

- Det er ei rivande utvikling innan maritime batteri, og stadig nye regelverk og krav me må møta. Mange er særskilt spente på korleis batteridrivne skip vil fungera på dynamisk posisjonering, der dei vil liggja oppunder oljeriggar i operasjon. Her er det stilt særkilte krav til korleis batteria skal fungera. Mellom anna må det alltid vera ei viss mengd straum då skipa må vera i stand til å forlata riggen raskt i ein nødsituasjon. Me har arbeidd ein god del med dette, og mange rederi er spente på korleis batteridrivne skip vil fungera opp mot dynamisk posisjonering. Viking Energy vil bli det første batteridrivne skipet som kan fungera slik, seier han. 

Del av ei verdsleiande næring 

- Vårt mål har heile vegen vore å utvikla løysingar som både sparer miljø og reduserer kostnadar. Me ser at løysingane våre resulterer i ei rekkje fordeler både for redusert energibruk, mindre slitasje på maskineriet og mindre utslepp, seier Langåker. 

Westcon si mangeårige satsing på batterisystem til skip er ei framtidsretta satsing som blir stadig meir aktuell. Fleire rederi har dei siste åra vurdert å gå over til meir bruk av batteri på skip, ei løysing som har ei rekkje både kostnads- og energireduserande fordeler. Noreg, og særskilt Vestlandet, er komne langt i utviklinga og bruk av maritime batteri, og er på mange måtar verdsleiane i denne utviklinga, meiner Langåker. 

- Med mange innovative rederi og store maritime miljø på Vestlandet, ligg denne regionen an til å bli verdsleiande på bruk av batteri på skip. Mange ser til Noreg, og særskilt til Vestlandsregionen når det gjeld denne satsinga. Her er det enorme moglegheiter, og det ser Westcon fram til å vera ein del av, seier Langåker.