Overtar plassen til Borgland Dolphin

Etter ei to år lang jordomsegling, legg Polar Pioneer til kai i Ølensvåg. Plattformen tar over plassen til boreriggen Borgland Dolpin som seglar frå verftet i midten av mars. 

 

Publisert: 24.02.2016, Tekst: Kari Aakra/Medvind24.no, Foto: Ellen Marie Hagevik og Kari Aakra, Medvind24.no 

Torsdag morgon ankra Polar Pioneer  opp i Ølensfjorden, etter at plattforma segla inn fjorden på måndag. Dei siste to åra har Polar Pioneer segla jorda rundt etter førre besøk hjå Westcon i 2014. 

Ferda gjekk då frå Ølensvåg til Singapore, vidare på oppdrag for Shell i Alaska, deretter via Seattle, rundt sør-Amerika og nå tilbake til Ølensvåg. Her skal Polar Pioneer liggja i opplag inntil vidare. 

- Plattforma kom inn på tunglastfartøyet Dockwise Vanguard og skal koplast av skipet nå før helga. Polar Pioneer vil ankra opp i fjorden og liggja der inntil han overtar plassen til Borgland Dolphin ved kai nummer 1 hjå oss i midten av mars, fortel assisterande leiar for rig på Westcon, Gunnar Norheim. 

Polar Pioneer er eigd av Transocean, veg nærare 45 000 tonn og er bygd for operasjonar i særlige barske klima. Og i vår skal Polar Pioneer igjen ruva ved kaien i Ølensvåg. 

Riggen overtar for Borgland Dolphin som sidan 19.januar har vore inne hjå Westcon for inspeksjons- og vedlikehaldsarbeid. Framleis vil det altså liggja tre riggar til kai i Ølensvåg. 

Westcon er i innspurten av arbeidet med Prosafe-riggen Safe Scandinavia som la til kai i mars 2015, samstundes som arbeidet med femårsklassifiseringa på Transocean-eigde Henry Goodrich held fram til ca 15.mars.