Første batterisystem frå Westcon går til Eidesvik

Eidesvik-skipet Viking Energy blir det første offshore-fartøyet som skal drivast både meir kostnads- og miljøeffektivt med batterisystem frå Westcon Power & Automation. 

Publisert: 17.03.2013

Av: Kari Aakra/Medvind24.no

I tre år har Westcon utvikla e-SEAMatic BLUE, batterisystem for ferjer og offshoreskip. I april legg supplyskipet Viking Energy til kai i Ølensvåg for å lada sine første batteri. Systemet er utvikla av og blir installert av Westcon Power & Automation. 

- Me har arbeidd med batteriløysingar for ferjer og offshoreskip i tre år, og det er ein milepåle når vår første batterileveranse skal gå til eit så spenstig og innovativt selskap som Eidesvik. Dette er eit føregangsselskap innan teknologisk framtidsretta løysingar, seier Otto Koch, teamleiar produkt og system i Westcon Power & Automation Batteridrivne skip er den nye, «grøne» trenden, både for ferjer og offshoreskip. Stadig fleire fartøy har dei siste åra fått installert batteripakkeløysingar for redusert drivstoff-forbruk og meir miljøvennleg drift.

Kostnads- og energieffektivt

- Det er ein milepåle for Westcon si kraftsatsing når me nå får levera vårt første batterisystem, og det til eit teknologisk føregongsselskap som Eidesvik, meiner Ragnar Langåker, prosjektleiar for Viking Energy-prosjektet (t.v) og teamleiar for produkt og system Otto Koch  hjå Westcon Power & Automation . Foto: Westcon. 

Dei siste vekene av april skal Viking Energy liggja til kai ved Westcon i Ølensvåg. I løpet av 7-10 dagar skal Westcon Power & Automation installera batterisystemet på skipet, som deretter vil verka som eit hybridskip. 

Gass og batteri gir ein svært gunstig produksjonseffekt og har vist seg å vera det mest kostnads- og energieffektive for slike fartøy, seier Koch. 

- Med batteri kan ein nytta færre generatorar på skipet, men samstundes ha høgare last på generatorane som er i drift. I staden for to generatorar som går på 40 prosent, kan me bruka ein som går 80 prosent. Dette fører til at me produserer meir effekt per kilo gass, forklarer han. 

Viking Energy er det første offshorefartøyet som skal ligge på dynamisk posisjonering og bruke batteri som «spinning reserve». Tradisjonelt må ein ha minst to motorar i gang når ein ligg på dynamisk posisjonering, nå er det nok med ein motor i tillegg til batteri. 

Mindre slitasje 

Westcon si mangeårige satsing på batterisystem til skip er ei framtidsretta satsing som blir stadig meir aktuell. Fleire rederi har dei siste åra vurdert å gå over til meir bruk av batteridrivne skip, ei løysing som har ei rekkje både kostnads- og energireduserande fordeler. 

- Vårt mål har heile vegen vore å utvikla løysingar som både sparer miljø og reduserer kostnadar. Me ser at løysingane våre resulterer i ei rekkje fordeler både for redusert energibruk, mindre slitasje på maskineriet og mindre utslepp, seier Ragnas Langåker, prosjektleiar for Viking Energy-prosjektet hjå Westcon Power & Automation på Husøy. 

Med batteri vil ein redusera forbruket grunna meir optimal last på motorane. Ein kan blant anna stansa ein motor, noko som gir mindre vedlikehald på maskineriet. Batteria bidreg dermed til å redusere utslepp av NOX, CO2 og andre gassar. I tillegg vil batteri på skipa ha ein Peak Shaving-effekt, der batteriet utjevnar lasta betre på motorane, noko som igjen fører til mindre belastning og slitasje av motormaskineriet. 

Som hybrid vil batteridrivne skip også ha større redundans, det vil seia at dei er meir fleksible og pålitelege. Viking Energy til dømes, har fire motorar, og i ein nødsituasjon kan batteriet brukast som ekstra motor. Tradisjonelle skip vil ha ein begrensa respons under manøvering. Batterisystem bidrar til at ein kan forbetra denne responsen betydeleg. 

- Meir batteri i framtida

Viking Energy er det tredje Eidesvik-skipet som får installert batterisystem. Skipet legg til kai ved Westcon Yards i Ølensvåg i midten av april. Foto: Eidesvik 

Westcon har dei siste åra vore involverte i arbeid på fleire skip som nyttiggjer batteriteknologi. I fjor installerte dei eit anna batterisystem på Eidesvik-skipet Viking Queen. I fleire omgangar har også Westcon Power & Automation vore delaktige i hybridferjeprosjekter til Norled. 

- I tillegg til utviklinga av vårt eige system, har også denne erfaringa gitt oss mykje viktig kunnskap om korleis me kan finna dei beste løysingane. Me er blitt godt kjende med både utfordringar og moglegheiter rundt batteripakkar på både offshorefartøy og ferjer, fortel Langåker og Koch. 

Dette er det tredje skipet Eidesvik installerer batteri på. Valet fall på Westcon si løysing av mange grunnar, seier Vice President Technology & Development i Eidesvik, Vermund Hjelland. 

- Me ser at det vil bli stadig meir bruk av batteri på skip framover, difor var det viktig for oss å starta eit samarbeid med ein lokal aktør som har god kjennskap til nettopp dette. Westcon Power & Automation har kome svært langt i utviklinga si av batterisystem, og me har stor tru på løysingane deira. Dei har også eit godt samarbeid med leverandøren av sjølve battericellene, som me også har god erfaring med frå tidlegare, seier Hjelland. 

Eidesvik har tidlegare hatt skip inne ved verftet i Ølensvåg for andre oppdrag. 

- Me har hatt eit svært godt samarbeid med Westcon lenge, og ser fram til at me igjen kan bruka ekspertisen frå både Westcon Power & Automation og Westcon Yards til batteri-leveranse og installering, seier Hjelland.